søndag 12. juni 2011

Adjunkt med A på mattematikkeksamen!

Endelig er det heile overstått!

No har eg hatt den siste eksamenen min på lærarutdanninga og kan kalle meg for adjunkt.
Siste eksamen var i mattematikk, munnleg, og eg har gått å kvia meg for den i fleire veker. Men det heile gjekk strålandes og eg fekk ein A.


Dei spurde meg faktisk på eksamen om eg jobba som mattematikklærar, då eg sa nei sa dei at det burde eg. Og med ein så god karakter kan eg vel heller ikkje kvi meg. Så no er det bare å søkja på lærarjobba :)

"Hei Helene,

Eksamenen din gjekk strålande. Du fekk karakteren A. Og det var ein A med god margin.

Lykke til vidare, og god sommar J"



Endeleg kan eg legga vekk mattebøkene og gjera litt andre ting, som scrapping, trening, tur med hunden og planleggja ferdig bryllupet.

Ha ein fortsatt god pinse!