søndag 27. juni 2010

handletur på papirgleder

Det var sommermarknad på papirgleder på lørdag, der man kunne selge brukte og glemte hobbyartiklar. I tillegg var det 25% avsøag p alt i butikken, pluss 50% på laidybug and friends stempler. Eg måtte sjølvsagt ta meg ein tur og kom heim att med litt utstyr.

To stempler. Magnolia; Princess Tilda og laidybug and friends; Elisabeth bell collection: the one
Eg har tidligere denne våren kjøpt meg sizzix bigshot kuttemaskin, så no har eg kjøpt meg spellbinders nestabillities dies.
Kjøpte og litt diverse som metallpynt, blonster, bånd, stempelputer,glitterlim, embossingpulver, designerark, glue dots, kantskraper, alfabetklistremerker og bladutstanser.

No er eg klar til å lage kort og album! Bring it on kreativitet! Om nokon vil bli med er det bare å ta seg ein tur. Håper eg har litt tid til overs snart.

fredag 25. juni 2010

frukost lag på lag

Liker du tanken på å lage ein sunn frukost, men er ikkje alltid så begeistra for dei sunne alternativa? Det gjeld i hvert fall for meg. Eg vil veldig gjerne ete havregrøt til frukost om dagene, men syns det egentlig ikkje smakar så godt utan mykje sukker og smør. Havregrøt er ein veldig bra start på dagen for magen og er rik på vitaminer og riktige mengder fett, protein, karbohydrat og lignende. Det er og mat som er veldig bra å spise på ein treningsdag. Eg trener mange dager i uka og vil prøve å starte dagen med havregrøt. For å gjera havregrøten betre kjeøpte eg inn litt frukt og valnøttkjerner og lager meg havregrøt med lag på lag:

1. Lag først havregrøt i mikroen, havregryn i ei skål, vann rett over all grynene og ca 2 min i mikro på høgest varme.

2. Ta ei skjei syltetøy, eg har blåbær, og legg midt på grøten. Knus opp litt valnøttkjerner og strø over.
3. Skjær litt melon i terninger og legg eit lag med det over.
4. Skjær litt eple opp i terninger og legg det i eit lag over melonen.

5. Del druer i to og legg eit lag over eplene.

Håper det smaker! Eg ble i hvert fall veldig fornøyd!

tirsdag 22. juni 2010

Happy Birthday!

I dag er Rocky 1 år. Dette ble feiret med leverposteikake, og selvsagt bybanestart i Bergen. he he... Rocky har fått sele som han kan bruke på tur i dag pluss litt mange godbiter enn vanlig. I tillegg har han blitt storebror i dag til 5 småvovser. Fin dag med andre ord.

Pynta med sløyfe =)

Posering med kaka
Får endelig lov å spise kaka

mmmmmmm....
Glefs...

lørdag 19. juni 2010

Treningsmåla for juni

Tidligere i bloggen min har eg lagt ut desse treningsmåla som eg skulle klare til 1.juni.

1. Spise sunt i ukedagene, gjelder særlig for kunsj og middag,
som lett kan skli ut.
2. Eg skal veie under 60 kg
3. Eg skal klare å ta 30 kg i knebøy
4 Eg skal klare 40 kg i benk
5. Eg skal klare 40 kg i hack squat

Eg er blitt flinkere til å spise meir grønnsaker og å holde meg unna snop i vekedagene, men eg kan fortsatt jobbe med mål 1, så det er delvis nådd. Eg har desverre ikkje klart mål 2, så det må jobbes videre med. Har klart å trene med flere repetisjoner på hack squat på 40kg, mål 5 nådd! Maxtesten på knebøy gjekk veldig bra, der klarte eg 42,5 kg, altså 12,5 kg over målet! Og på beknpress har eg lenge slitt med å få opp 40 kg, men eg klarte det ein gong under maxtesten, mål nådd! I tillegg har eg klart å ta 1 chins med kroppsvekt utan hjelpepute (!), så denne jobber eg videre med. Og eg har blitt flinkere til å ta flere riktige push ups på tærene, og over 5 repetisjoner per sett.

Er veldig fornøyd med treningen min. =) Skal etterkvart sette meg nye mål som eg vil klare til August. Ønsker dere som leser her en fin helg!

torsdag 10. juni 2010

Korleis står det til med allmennkunnskapen?

Jobber for tiden som vikar på ein skule, og i den forbindelse skulle eg ha ansvar for ein samfunnsfagprøve. Blei litt overraska når det viste seg at nokre av spørsmåla måtte eg undersøkja for å finna svar. Test ut din eigen allmennkunnskap:

Prøve om Romarriket

1. Kven herska ove Romarriket i 108 e.Kr.?

2. Kvar i Roma vart det halde gladiatorleikar?

3. Kva kalla romarane dei nye områda dei erobra og herska over?

4. Kva vart dei romerske soldatane kalla?

5. Kva kallar vi dei romerske vassleidningane?

6. Kva språk snakka romarane?

7. Kva heitte mannen som fastsette at året skulle ha 365 dagar med skotår kvart fjerde år?

8. Kva kallar vi slike tal XLMC ?

tirsdag 8. juni 2010

forsøk på agility

Er for tiden på Radøy hos mamma og dei, då eg har ein vikarjobb her ute. Har tatt med meg Rocky, så han kan springe og kose seg her på landet. I dag forsøkte eg å sette opp litt agility for å prøve med Rocky. Han var ganske trøtt etter ha sprunget rundt med ein fotball halve dagen, men vi fekk litt til i hvert fall. Håper han liker det og får det bra til etterkvart, slik at vi kan begynne på kurs og kanskje trene det fast.



Slalom, slalom Rocky!

Hinderhopp

IQ-test, korleis få ballen ut av to mål


lørdag 5. juni 2010

MAX på Obsen


Det er akkurat som det ser ut: Tilbud på pepsiMax på Obsen. eg og Birte tok oss ein tur, for oss sjølv om mange andre =) Trur det var mange andre i butikken som skjønte det var tilbud når me kom forbi. Eitt brød måtte me ha med og, kan ikkje kun leve på pepsiMax.

Ha ei Max-helg!

fredag 4. juni 2010

Vidden

Tidligere i veka gjekk eg, Anne, Heidi og Trine over vidden. Vi hadde og med dei firbeinte Rocky og Taisen. Det var kjempeflott vèr så vi kunne gå sommerkledt å få litt farge samtidig. Eg som ikkje er så vant til å gå i fjellet brukte litt lengre tid på å gå en dei andre, men eg syns det var ein kjempefin tur uansett. Må berre øve meir :) Vi kjørte opp til Landås og gjekk opp ved Montana til Ulriken. Så gjekk vi vidden og ned igjen i Isdalen. Det vart ein del gangsperre dagene etterpå, men sånt må man regne med. Takk for ein fin tur jenter!


Rocky tar ein drikkepause på Ulriken
Hundene får bade litt
Alltid energi nok til å herje litt
Helene husmor stod opp kl 8 og bakte boller til å ha med :)