søndag 21. mars 2010

Tilbake i Bergen



Kom heim igjen på Torsdag. Mamma var så snill å henta meg på flyplassen og hadde med både lunsj og middag til meg. Fekk sjå Steinar ein liten halvtime før han måtte på jobb og eg satt åleina med Rocky i leiligheten. Rart korleis eg er omringa av 26 andre til heile døgnets tider og etter ein måned brått sitt åleine heima med alle intrykka og kjenslene i kroppen. Det er liksom litt absurd. Har og litt behov for å snakke litt med nokon, men på samme tid er eg så trøtt at eg ikkje får satt ord på det eg føler. Bare får snufsa litt med tåre i øyekroken når steinar går for å gå på jobb og når han endelig kom igjen i ti tida.

Har enda ikkje fått sovet ut, eller pakka ut. Det står fint her på stuegulvet fortsatt til Steinar sin frustrasjon og Rocky sin inspeksjon. Fekk besøk av Lise-Lotte på fredag til no i dag, så har bare kosa meg med ho og vore på kino o.l. Så det er no kvardagen begynner. Tenkte å få sove litt lengre i morgon før eg tar ein tur på trening, og etterpå skriver litt på eksamensoppgåva. Kvir og gleder meg til å trene igjen i morgon. Skal bli godt å trene, men er redd for kor dårleg formen er blitt på grunn av lenge fråvær.

Har hatt ein kjempefin måned i Tanzania. Anbefaler alle som tenker på det å ta seg ein tur. Vennlige folk, tross mykje korrupsjon i det høgare systemet. Det er fantastisk natur, mange spennende opplevelser og kultur. Skal legge ut litt fleire bilder etterkvart, og skrive litt meir om inntrykk og opplevingar dei ulike stadene vi var.

fredag 12. mars 2010

Stom tilbake paa Zanzibar!

Det var egentlig litt morro. Det forste me fekk veta daa me skulle reise til Zanzibar paa Torsdagsmorgen var at strommen var tilbake. Me var veldige heldige saann sett. Men det er likevel ein del strombrudd innemellom, og ledningsloysinga mellom gatene her liknar slik dei fleste har ledningar i floker bak tven. Uansett... her paa Zanzibar er det veldig fint. Det infridde forventningane. Havet er flott og har frisk farge og landskapet veldig vakkert. Vi har no sidan Torsdag budd i Stionetown paa Tembo hotel (tembo = elefant paa swahili). Dette er faktisk det dyresste hotellet vi bur paa paa reisa. Det er trestjerners og ligger paa stranda. Det er badebaseng og flotte utsmykkingar rundt omkring. Badet er av den flotte sorten med fasiliteter me ikkje ser paa som sjolvfolge her nede. Sengene ser ut som himmelsenger pga den flotte myggnettinga og utsmykkingane som er paa. Gatene i byen minner litt om smau i Bergen og bygningene er stort sett av stein. Dei skiljar mellom hindubygninger, muslimske og britiske. Kyrkjer, moskeer og hindutempler ligg alle vegg i vegg og alle respekterer kvareandre paa tvers av relegion. Det er saann sett veldig fredfyllt her i heile Tanzania. Paa kveldane her i Stonetown staar mange aa griller borte med parken. Her kan du komme og kjope alt fraa grillmat til frukt og bananpizza med sjokolade. Grillspyda er alt fraa gronnsaker, kjott til sverdfisk og hummer.

I dag skal me reise vidare nordover til Nungwe, som er ein fiskarlandsby nord paa oya. Paa vegen skal me innom ein krydderfarm. Det kan bli spennande. No skal eg spise den beste frukosten saa langt, som har veldig mykjer variert og ikkje bare valg mellom frukt og syltetoy.

onsdag 10. mars 2010

Snart avreise til Zanzibar.

Veit ikkje om eg faar til aa blogge naar eg er paa Zanzubar. Stommen som dei forsynes med fraa fastlandet er blitt brutt og dei har vore utan strom sidan november. Nokre av hotella har generator, men vi veit ikkje korleis ting blir. No er det bare ei uke igjen av turen, den siste delen har gaatt veldig fort. det har vore veldig kjekt, men man savner jo og heim nokre gonger. Spesielt savner vi grovbrod med brunost, og eg har den siste uka gaatt bare aa tenkt paa heimalaga fiskegrateng. Men nok om det. Det er jo ganske grei mat her og, bare litt stress etterkvar aa alltis spise ute. I gaar var vi paa ein etiopisk restaurant. Daa var det ei stor pannekakelefse som 4-5 delte paa som fat og ulike sauser med og uten kjott som vart lagt paa. Saa tok man litt fraa ei anna lefse og dyppa den i sausen og spiste. Ganske godt og mange ulike smaker. Syns eg har vore veldig flink paa denne turen aa provd nye ting og ikkje bare spist pizza og lignande.



Bongoyo Island (fraa nettet)

Paa Bonggoyo Island som me var paa sondag var det kjempefint. Klart og flott vann aa bade i og flott sandstrand. Vi kok tidlig ut slik at vi fekk nokre skyggehytter og dermed slapp aa bli heilt utkjorte av sola. Paa sandstranda var det og volleyballnett og ei i klassen hadde med volleyball. dermed vart det volleyballturnering, East Afrika cup. Alle laga fekk eit landsnavn.Uganda vant. Eg var paa Ruwanda, me tapa desverre, men kan vera me faar eit forsok til paa Zanzibar om me ikkje byttar lag. mange vart solbrendte paa denne turen og, men dei var laert sidan forrige gong dei var i sola. Det var veldig fint paa oya, men som elles i landet er doforholdet ikkje alltid like bra. Maatte gaa langt inn i skogen til ei minihytte der det var hull i bakken. Saa leggmuskler og finmotorikk blir regelmessig trente for de fleste av oss. dessuten er dopapir ein mangelvare, og dernest ein standarvare for oss som me alltid har paa oss.







Dei siste dagane har me mott ein CCM politiker, det storste partiet i landet. Og me har truffet TTU, som er laererforeninga i Tanzania. Veldig hyggelige aa snakke med og veldig interressant. Problemet paa TTU var at aircondition var odelagt og dei hadde -plutselig eit 5 timerslang program, istedet for det 3 timerlange dei skulle ha. Og dei er saa iverige at det ikkje blei noko pause av dei timane. Fekk eit kvarter etterkvart og deretter var det nok eit par timer for det var ferdig. Typisk African time. Me skulle vore ferdig halv to, men reiste ikkje for naermare fira. He he.. Hakuna Matata... slik er det i Afrika.



Skal sjaa om eg kanskje finn internett paa Zanzibar, har litt lyst derfraa og sidan det sakl vera saa fint der, naermest eit paradis. Haaper alle har det bra! Pole pole ( rolig, ta det med ro)

:)

lørdag 6. mars 2010

Svett og klamt

For forste gong i mitt liv har eg opplevd at svetten sildrer i smaa bekker nedover rygg og bein. Kjenner draapene smyger seg nedover. Naar eg sitter og reiser meg er klaerne som smurt paa kroppen min for at dei er saa klamme. Heldigvis er det aircondition baade paa rommet vaart og i bilen. Sola steiker veldig paa midt paa dagen, kjenner av og til at det nesten svit litt i huda. Det har vore rundt 37 grader i dag. Og varmen merka me ekstra godt paa fiksemarkedet vi var paa i dag. Det lukta ikkje saa godt for aa sei det saann. For uten aa ha lukta paa fisk har vi i dag vore litt rundt omkring i byen. sett viktige bygninger som ww sitt kontor, krigsmonument, presidenten sitt kontor, og faktisk eskorte med presidenten(!). Etterpaa var vi paa treskjaerermarkedet. Her var det veldig mange fine ting. Kjopte ein del ting, nokre gaaver og litt til eiget bruk. Det var veldig mange fine ting der, flittig handarbeid. Bak dei lille skurhusa satt dei som skjaerte figurer og me fekk sjaa korleis dei gjorde det. dei brukar ein tretype som ser vanlig ut utanpaa, men er brunsort inni.



I morgon skal me paa Bongoya og bade ein heeeeeeil dag! Det er ei oy som nesten kun er/bestaar av strender. Gleder meg veldig. Det er og trekt ut volleyballlag saa vi kan ha ein strandvolleyballturnering. Alle lag har faatt eit land som namn, hugser ikkje mitt. Det blir kanskje ein norsk African Open... he he.... Ogsaa mykje bading. Har bare bada litt etter eg har kommet og det var torsdag og fredag. Vi dro til eit hotell, som var heilt fantastisk flott, og betalte litt for aa bade der saa mykje me ville den dagen. Det var basseng med utsikt mot havet og flisbelagt omraade rundt. Mange vart solbrente som folge av sterk sol og mykje reflektering av solstraaler fraa flisene og vatnet. Eg vart heldigvis ikkje solbrendt, takk mamma og pappa for nokonlunde god hud!



Haaper alt staar bra til i snoen heima, la den forsvinne til eg kjem heim!

torsdag 4. mars 2010

Litt bileter fraa turen

Utsikt over Det Indiske hav

Utsikt fraa Usambarafjella


Holder ei skilpadde i hagen til Den danske konsulen i Arusha


Lova vi saag paa Safari, veldig goy!




Elefant paa savanna



Meg og Anne ved porten til Ngorongorokrateret





Helene inne i myggnettet, trallallalllalalllalei....






Middag paa strandcafe








Det staar mykje forskjelleg bak paa transportbilane








Eg er millionaer her nede 32 000 tsc = 150 NOK









onsdag 3. mars 2010

heite dagar i Dar es Salam


Forrige lordag reiste folget vaart vidare fraa Arusha til Lushoto. Vi var i Lushoto i to netter. Naar me ankom hotellet saa var dei desverre ikkje klar over at me kom allerede daa, saa nokon fekk eigaren sitt rom med souroundanlegg og widescreeen tv imens andre fekk rom der dei bygga ei seng der og da. Me fekk vanleg rom, med ein litt stor edderkopp i dusjen. Laereren vaar Jonas kom for aa sjaa den og traakka paa den. Saa da var det fullt mulig aa dusje.. he he



Dagen brukte me paa aa gaa ein fin tur ifjellomraadet der byen laa og fekk sjaa ei fantastisk utsikt over slettelandet som laa ved. Me kunne ha sett nsten heilt til Kilimanjaro i nord dersom det hadde vore enda klarare vaer. Guiden vaar var kjempeflink og gav oss mykje informasjon som me trengte til oppgaava vaar. Den beste lunsjen ever paa reisen fekk me den dagen! Paa ein gaard som som laga juice, ost og syltetoy. Me fekk nesten vanlege skiver (minnet litt om langebrod) med paalegg som ikkje var kun syltetoy. det var vanleg ost (nesten som Jarlsberg), kremost med kvitlok, frukt, gronnsaker og fantastisk juice! Det gjorde godt for mangen skal eg sei og alle var mette og glade. Ikje det at me ikkje faar mat her nede, men frokost er frukt, man maa be om brod, eller noko som liknar toast og man faar syltetoy paa. Tanzanianerene spiser ikkje saa mykje kjott. Det er helst gronnsaker, ris, ugali(maisgrot), poteter som alle har ulike variasjoner. Saa det er mykje karbohydrarter, og litt gronnsaker.

GOD LUNSJ!

Utsiktspunkt


Mandag reiste me vidare til Dar es Salam og ankom paa CEFA paa kvelden. Her ligger temparaturen paa 40 grader paa dagen og 30 om natta. heldigvis var det litt kjolig da me kom. CEFA er ein ittaliensk organisasjon som hjelper til med ulike prosjekter og samstundes har eit slags herberge. Rommene var kjempeflotte , etter afrikansk standar, med vannklosett som faktisk skyller ned og fasiliteter som dopapr, insektsfrisone, aircondition og bid`e (!?). Middagen me fekk den kvelden var like fantastisk som lunsjen i Lushoto! Forretten var ein spagettirett som var kjempegod, forfulgt av god grilla fisk md salat og brod, og melon til slutt. Har bestilt mat der i dag og (maa bestille om morgonen) og er veldig spendt paa kva me faar.


Tirsdag var me aa besokte den norske ambasaden. Programmet vaart varer ikkje saa langt paa dag da det er saa varmt her. men har hort rykter om at det skal regne no snart, men haaper at ikkje det er noko som vil vare. Har saakalla dokumentasjonsdag i morgon og har litt lyst aa reise litt paa stranda etter oppgaavediskusjon med gruppa mi. Men vi faar sjaa. I dag har me besokt ulike bistandsprosjekter, sport og gatebarn (saerskild for jenter) som vert subsidiert av blandt anna Norsk Folkehjelp. Vi motte og ein paa kontoret for norsk folkehjelp. Han hadde vore lenge i bransjen og desverre sett alt for mykje urettferdighet og korrupsjon som gjorde det veldig vanskelig aa drive ting paa fram med haap om forbedring og utvikling.


Elles gaar det bare bra. Har litt heimlengsel innemellom og savner Norsk mat og trening for uten alle kjente og kjaere. Merker det er tungt aa ha program kvar dag, bu tett paa folk man ikkje kjenner veldig godt over lengre tid utan aa ha tid for seg sjolv i det heile tatt. Alltid nokon som er der uansett kvar man er. Det blir tidlige kvelder mange dager. Men nokon kvelder har man heldigvis litt overskudd og kan finne fine steder aa ta det med ro. I gaar gjekk med paa ein fin stad som laa med stranda. Rart, man foler seg midt i byen, gaar ti minutter og finner ein koselig kafe/pub som er paa ei sandstrand.


Haaper alle har det bra. Om det er nokon som lurer paa noko bare sporr i kommentarfeltet!


Kwa Heri Rafiki!




Middag