mandag 23. mai 2011

Middagstips

Eg er veldig glad i pasta med kjøttsaus. Det er ein stor favoritt, men eg prøver å ikkje spise så alt for mykje pasta. Så når det kjem til middag har eg oftes veldig lyst på pasta (sikkert ein forbannelse). Eg prøver då å finne på noko anna å lage som kan bli omtrent like godt. Eg viderefører oftest kjøttsausen, i dag som fylte paprikaer!


Lag kjøttsaus:
løk
kjøtt
raspet gulrot og sellerirot
hakkede tomater
tomatpurè
kikkerter
ein klunk rødvin

skjør paprikaene i to på langs og ta ut alt av frø.
Legg dei deretter i ei ildfast form, eg smører dei gjerne litt med olje og.


Fyll med kjøttsaus i dei hlve paprikaene og dryss over revet ost.
Gratiner på 200-225 grader til osten er gyllen


Server gjerne med frisk salat og tomat.

Takk for maten!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Legg gjerne igjen noen ord =) Takk.