torsdag 7. juli 2011

Konfirmasjonskort/ Kassapparat

Var i konfirmasjon i vår, og i den anledning laga eg eit kort som ser ut som eit kassapparat.
Konfirmaten hadde ein stor facinasjon av desse lenge i barndommen sin.

Slik vart det

Brukte halvperler for å illustrere knpper på apparatet.
Har laga til bånd som handtak for å kunne åpne skuffene.

Den nedeste skuffa er kassa si pengeskuff, her har eg lagt i gåva til Konfirmanten
De to andre på toppen har eg satt namnet til Konfirmanten og årstall.

Ser du dei øvste skuffene bakifrå står det PLING for lyden kassa lager når pengeskuffa kjem ut.
 
Detalj foran.

Blir med på utfordring 43 på Kort o Mania med denne.

Takk for titten =) Ha ein fin dag!

fredag 1. juli 2011

Blogging fra mobil.

Whoioohoooo
Endelig har eg fått det til, eg blogger fra mobilen min. Blir nok meir blogging på neg no.
Skal prøve å bli flinkere å blogge. Har vore mykje planlegging med bryllupet i det siste.
Begynner heldigvis å få ting på plass etterkvart. :) I dag var eg og kjøpte nokre fine lys på
Løyten som skal stå på hovudbordet.

søndag 12. juni 2011

Adjunkt med A på mattematikkeksamen!

Endelig er det heile overstått!

No har eg hatt den siste eksamenen min på lærarutdanninga og kan kalle meg for adjunkt.
Siste eksamen var i mattematikk, munnleg, og eg har gått å kvia meg for den i fleire veker. Men det heile gjekk strålandes og eg fekk ein A.


Dei spurde meg faktisk på eksamen om eg jobba som mattematikklærar, då eg sa nei sa dei at det burde eg. Og med ein så god karakter kan eg vel heller ikkje kvi meg. Så no er det bare å søkja på lærarjobba :)

"Hei Helene,

Eksamenen din gjekk strålande. Du fekk karakteren A. Og det var ein A med god margin.

Lykke til vidare, og god sommar J"



Endeleg kan eg legga vekk mattebøkene og gjera litt andre ting, som scrapping, trening, tur med hunden og planleggja ferdig bryllupet.

Ha ein fortsatt god pinse!

mandag 23. mai 2011

Middagstips

Eg er veldig glad i pasta med kjøttsaus. Det er ein stor favoritt, men eg prøver å ikkje spise så alt for mykje pasta. Så når det kjem til middag har eg oftes veldig lyst på pasta (sikkert ein forbannelse). Eg prøver då å finne på noko anna å lage som kan bli omtrent like godt. Eg viderefører oftest kjøttsausen, i dag som fylte paprikaer!


Lag kjøttsaus:
løk
kjøtt
raspet gulrot og sellerirot
hakkede tomater
tomatpurè
kikkerter
ein klunk rødvin

skjør paprikaene i to på langs og ta ut alt av frø.
Legg dei deretter i ei ildfast form, eg smører dei gjerne litt med olje og.


Fyll med kjøttsaus i dei hlve paprikaene og dryss over revet ost.
Gratiner på 200-225 grader til osten er gyllen


Server gjerne med frisk salat og tomat.

Takk for maten!

fredag 1. april 2011

Meg og Anne som treningseksperter....

... og dette er ingen aprilspøk!
Ta ein titt her :) http://www.bt.no/sprek/--En-plan-for-treningen-utgjoer-100-prosent-forskjell-1282687.html

Interessert meir i trening? les her og:   
http://www.bt.no/sprek/Mener-folk-lurer-seg-selv-paa-trening-1282651.html

mandag 28. februar 2011

Dagen i bilder

First thing first: Trening! Var på ein time som hette STERK med alternative baseøvelser, kjekt men tungt!
 Hekling på bybanen...

 Dusje Rocky, sjølv om han ikkje er overbegreistra
 Så kan han få ligge å tørke seg forann ovnen etterpå, det liker han =)
Bestilt hårpynting til Bryllupet.
 Var heimom ein tur for å hente søstra mi, fekk servert middag av stefaren min (som mamma var laga i går)

Rocky blir erta av katten i mellomtida
 Så bar det avsted på hundekurs. Går på grunnkurs som hovedsakeleg er kvardagslydighet. Håper på å gå på fleire kurs. Veldig kjekt når eg får det til, og når me har slike gode instruktører som me har fått.

Så vart Trine med meg heim og skal vera på besøk nokre dager.
Fin dag =)

søndag 13. februar 2011

Som sagt....

           ..........eg driver med ein forklaring.....

meg: ... han bur i eit hus på Radøy, også har han hage.

TO: Helene, ALLE hus på Radøy har hage!


              *BLONDIE!*