Sidan det var så fantastisk fint haustver i dag, bestemte me oss for å eta frukost ute i dag. Me gjekk liksågodt til opp til Tveitavatnet og satt oss på ein benk og åt omelett og salat. I tillegg tok me med oss brødbiter til å gje til enda. Rocky syns dette var stas. Han var like interessert i brødbitene som endene, og vart ståande i vatnet å eta brød med dei (LES: før dei) Fin start på dagen og helga. =) Håper alle får ei fin helg!
Viser innlegg med etiketten Rocky. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Rocky. Vis alle innlegg
fredag 8. oktober 2010
Frukosttur
søndag 26. september 2010
Utstilling
I går vart Rocky stilt ut i Bergen i juniorklasse for Boxer. Han vant klassen i tillegg til CK. Han ble 2 beste hannhund totalt. Vi er veldig fornøyd med resultatet og hunden vår =)

Det første bildet vart best, men i følge rasestandaren skal halen vera opp. Litt vanskelig når man fotograferer hunden åleine. Fekk han til å holde halen litt opp på bilde nr 2, men då sto han ikkje like bra. Dette skal eg øve meir på.
tirsdag 22. juni 2010
Happy Birthday!
I dag er Rocky 1 år. Dette ble feiret med leverposteikake, og selvsagt bybanestart i Bergen. he he... Rocky har fått sele som han kan bruke på tur i dag pluss litt mange godbiter enn vanlig. I tillegg har han blitt storebror i dag til 5 småvovser. Fin dag med andre ord.
tirsdag 8. juni 2010
forsøk på agility
Er for tiden på Radøy hos mamma og dei, då eg har ein vikarjobb her ute. Har tatt med meg Rocky, så han kan springe og kose seg her på landet. I dag forsøkte eg å sette opp litt agility for å prøve med Rocky. Han var ganske trøtt etter ha sprunget rundt med ein fotball halve dagen, men vi fekk litt til i hvert fall. Håper han liker det og får det bra til etterkvart, slik at vi kan begynne på kurs og kanskje trene det fast.


Slalom, slalom Rocky!
fredag 4. juni 2010
Vidden
Tidligere i veka gjekk eg, Anne, Heidi og Trine over vidden. Vi hadde og med dei firbeinte Rocky og Taisen. Det var kjempeflott vèr så vi kunne gå sommerkledt å få litt farge samtidig. Eg som ikkje er så vant til å gå i fjellet brukte litt lengre tid på å gå en dei andre, men eg syns det var ein kjempefin tur uansett. Må berre øve meir :) Vi kjørte opp til Landås og gjekk opp ved Montana til Ulriken. Så gjekk vi vidden og ned igjen i Isdalen. Det vart ein del gangsperre dagene etterpå, men sånt må man regne med. Takk for ein fin tur jenter!
torsdag 6. mai 2010
Tur og fotografering
I dag var eg så sliten etter ei har treningsøkt med Anne og lite energi generelt, at eg måtte sove litt når eg kom heim. Tok maxvekt i knebøy under frivillig tvang (takk Anne ;) ), og eg overskreid målet mitt med 12,5 kg. Det vil sei at eg klarte å ta 42,5 kg, men bare med ein repetisjon. Eg er nøgd! =)
Etter eg var sove, var det fortsatt fantastisk fint vêr ute, så eg og Rocky tok ein tur i skogen. I stedet for å bare gå tur, så stoppa eg og opp litt for å ta bilder innemellom. Veldig kos, fin dag.
Etter eg var sove, var det fortsatt fantastisk fint vêr ute, så eg og Rocky tok ein tur i skogen. I stedet for å bare gå tur, så stoppa eg og opp litt for å ta bilder innemellom. Veldig kos, fin dag.
Abonner på:
Innlegg (Atom)



