Viser innlegg med etiketten glede. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten glede. Vis alle innlegg

søndag 12. juni 2011

Adjunkt med A på mattematikkeksamen!

Endelig er det heile overstått!

No har eg hatt den siste eksamenen min på lærarutdanninga og kan kalle meg for adjunkt.
Siste eksamen var i mattematikk, munnleg, og eg har gått å kvia meg for den i fleire veker. Men det heile gjekk strålandes og eg fekk ein A.


Dei spurde meg faktisk på eksamen om eg jobba som mattematikklærar, då eg sa nei sa dei at det burde eg. Og med ein så god karakter kan eg vel heller ikkje kvi meg. Så no er det bare å søkja på lærarjobba :)

"Hei Helene,

Eksamenen din gjekk strålande. Du fekk karakteren A. Og det var ein A med god margin.

Lykke til vidare, og god sommar J"



Endeleg kan eg legga vekk mattebøkene og gjera litt andre ting, som scrapping, trening, tur med hunden og planleggja ferdig bryllupet.

Ha ein fortsatt god pinse!

torsdag 23. september 2010

Dagens accessories

I ny jobb kjem o nye gleder :) Eg har i min nye deltisjobb tilgang til alle slags kjekke jenteting av vesker, bling, klokker, sjal og mykje meir. Skikkelig kjekt, og til tider litt for mykje av det gode :P
Ringer frå CMYK, bling uten å loppe lommeboka og veeeeldig dekorative =)

tirsdag 7. september 2010

To ting som gjorde meg glad i dag =)

Moglegheita til å sitte ute i dei nye hagemøbla våre, i sola på altanen =)


At rosene eg fekk av Steinar til 25 års dagen fortsatt held seg fine <3


Godt å tenkja litt på dei små tinga som gjer ein glad i kvardagen. Dei er så alt for lett å oversjå.