mandag 26. april 2010

Det store spørsmålet kvar dag

Kvar gong siste del av forelesninga tenker eg kvart tiande minutt på kva eg skal ha til middag. Det er eit like stort ubesvarlig spørsmål kvar dag. Kva skal eg ha i dag? Vil ha noko som er godt, helst sunt og ikkje tar så lang tid å lage. Ender ofte opp med kyllingfilet eller suppe. Særleg vanskelig er det når Steinar er på jobb og eg må lage mat åleine, og ete den åleine. Veldig ensomt og gjer valget veldig fantasilaust.

Dei siste månedene har eg jo vore så veldig flink å trene med Anne, så då er det på tide å i hvert fall ete sunt! I dag hadde eg ei kjempebra treningsøkt på bein, og har til og med begynt å ta skikkelige knebøy (Takk Anne! =)) Med det som motivasjon har eg bestemt meg for å spise aå sunt eg kan i ukedagene, og heller kanskje ha noko ekstra godt i helgene. Mat og trening henger jo saman, så eg har laga meg mål for treningen og meg sjølv som skal klarast til 1.juni:

1. Spise sunt i ukedagene, gjelder særlig for kunsj og middag,
som lett kan skli ut.
2. Eg skal veie under 60 kg
3. Eg skal klare å ta 30 kg i knebøy
4 Eg skal klare 40 kg i benk
5. Eg skal klare 40 kg i hack squat

Kan vere det kjem fleire mål etterkvart, men dette er dei eg har tenkt mest på. Når det gjelder dagen i dag tok eg 25 kg i knebøy og 30 på Hack squat. Middagen vart kyllingfilet i kremet saus (melk istedetfor fløte) med paprika, tomater, asparges og litt ris. Nokon som har matforslag så tar eg gjerne imot dei =)


Nam....

2 kommentarer:

  1. Du er så flink :) STÅ PÅ!!!!http://fitnessbloggen.no (noen tips)
    http://www.qskyr.no/
    http://www.matprat.no/

    SvarSlett

Legg gjerne igjen noen ord =) Takk.