søndag 21. mars 2010

Tilbake i Bergen



Kom heim igjen på Torsdag. Mamma var så snill å henta meg på flyplassen og hadde med både lunsj og middag til meg. Fekk sjå Steinar ein liten halvtime før han måtte på jobb og eg satt åleina med Rocky i leiligheten. Rart korleis eg er omringa av 26 andre til heile døgnets tider og etter ein måned brått sitt åleine heima med alle intrykka og kjenslene i kroppen. Det er liksom litt absurd. Har og litt behov for å snakke litt med nokon, men på samme tid er eg så trøtt at eg ikkje får satt ord på det eg føler. Bare får snufsa litt med tåre i øyekroken når steinar går for å gå på jobb og når han endelig kom igjen i ti tida.

Har enda ikkje fått sovet ut, eller pakka ut. Det står fint her på stuegulvet fortsatt til Steinar sin frustrasjon og Rocky sin inspeksjon. Fekk besøk av Lise-Lotte på fredag til no i dag, så har bare kosa meg med ho og vore på kino o.l. Så det er no kvardagen begynner. Tenkte å få sove litt lengre i morgon før eg tar ein tur på trening, og etterpå skriver litt på eksamensoppgåva. Kvir og gleder meg til å trene igjen i morgon. Skal bli godt å trene, men er redd for kor dårleg formen er blitt på grunn av lenge fråvær.

Har hatt ein kjempefin måned i Tanzania. Anbefaler alle som tenker på det å ta seg ein tur. Vennlige folk, tross mykje korrupsjon i det høgare systemet. Det er fantastisk natur, mange spennende opplevelser og kultur. Skal legge ut litt fleire bilder etterkvart, og skrive litt meir om inntrykk og opplevingar dei ulike stadene vi var.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Legg gjerne igjen noen ord =) Takk.