torsdag 27. mai 2010

Sommerferie...

... i vert fall frå skule. No er det vel berre jobb som gjelder, og trening og scrapping :) I går hadde eg siste (og einaste) eksamen før sommaren. Var veldig nervøs, men trur eg hadde noko vettugt å fortelja på dei 17 sidene eg skreiv. Dro heim og kvilte etterpå før eg og Anne hadde ei to-timers treningsøkt. Vi trente bryst og var på ein step time. Prøvde meg på benkpressmålet mitt på 40 kg, men det gjekk nok ikkje. Prøver igjen neste veke. Merka etter steptimen at eg egentlig har lite energi å gå på for tiden, men det var gøy likevel og absolutt verdt det!

I dag tenker eg å vaske bilen.... Skal hente mamma og familien på flesland i morgo, og bilen er full av støv og hundehår. Meget lekker med andre ord.

Fekk laga eit kort denne veka, sjølv om eg leste til eksamen. Vil takke den ukjende vennina til Therese for inspirasjon. Kortet gav eg til Anne, som takk for all den fine tiden vi har hatt dette året. Takk igjen Anne, håper på det fortsetter :)




Papir: Bazzil og eit gammelt bokark der teksten står
Blomster prima
Splittbinders: making memories
Bånd: ukjend

Sitat:

Best av alle gleder
er gleden av slett ingenting.
Ikke for noe
du kan eller vil,
gleden for intet
og gleden for alt.
Gleden;
Fordi du er til!

Ha ein fin dag alle sammen !

1 kommentar:

Legg gjerne igjen noen ord =) Takk.